Sommarbutikk :)

Velkommen til butikken vår i sommar!

Vi har eit spennande utval av varer, og garanterer at både karar, damer og ungar vil finne noko å shoppe :)

Det vil òg vere mogleg å få seg ein kopp kaffi, og ein hyggeleg prat med betjeninga; som stort sett er trivelege folk ;)))

Opningstider i heile juli:  mån-lør  kl 12:00-15:00.  

Dersom du har lyst til å ta turen til oss, kan du òg få med deg andre kjekke ting i nærmiløet vårt. Næraste naboane våre er Norsk Sjøfuglsenter og kroa ved Værlandet Gjestehamn. Der serverer dei middag m.m.

Elles er det mykje anna kjekt å få med seg i Værlandet og Bulandet. Besøk gjerne nettsida: Bulandet og Værlandet for meir informasjon. Her finn du det aller meste av informasjon for å planlegge eit kjekt opphald i øyane!

Nedanfor kan du sjå bilder frå den fine sommarutstillinga som Bente, butikksjefen vår:), har laga til denne veka:)