Proaqua AS - nysatsing innan havbruks- og fiskeriutstyr

1.januar 2017 vart salgs- og utviklingsselskapet Proaqua AS skipa. Bak det nyoppstarta selskapet står ei gruppe aksjonærar som kan skilte med allsidig og lang fartstid innan utvikling og produksjon av havbruks- og fiskeriutstyr. Værlandet Fiskeredskap er ein av aksjonærane, og eig 33 % av aksjane i selskapet.

Thomas Leirgulen er tilsett som seljar og dagleg leiar i Proaqua AS. Thomas har allsidig bakgrunn frå havbruksnæringa, bl.a som rensefiskkoordinator hos K. Strømmen Fiskeoppdrett AS. 

For Værlandet Fiskeredskap betyr denne medsatsinga ei betydeleg styrking av posisjonen vår som leverandør til havbruks- og fiskerinæringa. Samtidig tilfører vi det nye selskapet eit stort og godt nettverk både nasjonalt og internasjonalt - bygd opp over 25 år.

Vi er no underleverandør til Proaqua AS av utstyr til rensefisk, gjenfangstgarn, taredyrkingsanlegg o.a, samstundes som vi utfører "spesialordrer" for selskapet. Det siste nye vi held på å utvikle er gjenfangstgarn tilpassa settefiskanlegga sine behov.

Etter kort tid er det kjekt å sjå at det ser det ut til at Proqua AS er i ferd med å verte ein solid leverandør av etterspurt utstyr til havbruksnæringa.  

For meir info, og ein hyggeleg prat, kontakt Thomas på:

          epost: thomas@proaqua.no

          tlf:   47 66 69 70

Besøk nettsida til Proaqua AS HER

 Thomas Leirgulen, seljar og dagleg leiar i Proaqua AS

Thomas Leirgulen, seljar og dagleg leiar i Proaqua AS