Butikken vår

Vi har eit godt utval av kvalitetsutstyr til både yrkes- og fritidsbruk

Frå butikken vår leverer vi alt som båtar og mannskap treng av utstyr og yrkesklede, og vi trur at vi kan skryte på oss å drive den einaste butikken i sitt slag på kysten mellom Måløy og Bergen! :)

Ein del av vareutvalet vår kan du finne under sida øverst i menyen som heiter Nettsalg. Produkta som ligg der kan bestillast frå oss :)

Butikkutsalet vårt fungerer òg som eit tilbod for innbyggarane i Værlandet, Bulandet og nærområdet på fastlandet. I tillegg til jernvare og diverse utstyr for fiske, kan ein bl.a. kjøpe ullundertøy, kjeledressar, regntøy og støvlar til både yrke og fritid, til både vaksne og born.

Opningstider: man-fre kl 08:00-16:00