Vi er godt nøgde med å kunne tilby kundane våre kvalitetsprodukt frå den gamle Nichimen-fabrikken att!
For mange fiskarar er Nichimen-navnet forbunde med god kvalitet. Vi syns difor det var trasigt at Nichimen måtte legge inn årane.
Etter eit års tid fekk Audun nyss om at fabrikken var i ferd med å starte opp att. Det nye navnet på fabrikken er: Thai Nitto Seimo. Vi fekk direkte kontakt med fabrikken, og Audun tok seg ein tur sjølv til fabrikken i Thailand for å sjekke tilstanden :)
Vi har etterkvart fått til eit svært godt samarbeid med fabrikken. Varene som vi har fått tilsendt har den same gode kvaliteten som før, noko som verkar lovande i det vidare samarbeidet vårt med fabrikken.
Værlandet Fiskeredskap har kontinuerleg eit stort fokus på utvikling av nye og betre produkt. Heilt sidan oppstarten av bedrifta, har vi sett viktigheita av å vere nyskapande. Det gode samarbeidet som vi allereie har etablert med Thai Nitto Seimo, kjem til å danne eit godt grunnlag for dei nye innovative løysingane som vi vil kunne tilby kundane våre i tida framover.