Teinekolleksjonen 2014

Eit av prosjekta vi har jobba med i 2013 er å utvikle våre eigne teine- og rusemodellar. Vi har sett at kvaliteten på mykje av det som finnast på markedet er av varierande kvalitet og utførelse. Sidan vi er opptekne av utvikling og nyskaping ved bedrifta, har vi no designa våre eigen "Værlandskolleksjon" av krabbe-/hummerteiner, fisketeiner og ruser :)

Vi syns at det er veldig kjekt at vi snart kan selge vår eigen kolleksjon innanfor dette markedet òg!

Produkta er utvikla ilag med erfarne teine- og rusefiskarar, og vi har i tillegg eit godt samarbeid med teineprodusenten. På denne måten får vi meir kontroll på sluttresultatet, og kan tilby spennande, innovative produkt av god kvalitet.

Vi har fått inn nokre prototypar av teinene. Desse har vi ståande i butikken vår, og det er berre å komme innom for å sjå på dei, og eventuelt bestille :)

Frå januar og utover våren vil vi presentere ei ny teine/ruse kvar månad på nettsida/Facebook. Vi kjem til å ha navnekonkurransar på teinene, og ynskjer gjerne innspel med lokale navn :)