Det er ingen tvil om at Garnhotellet har vore ein stor suksess for oss! Vi har ein beleggsprosent som få hotell kan konkurrere med :)
I den seinare tid har vi sett at spolaren vår har sett sine beste dagar; det var på tide å byte den ut med noko nytt og betre. Men med kva?
Net-Op i Danmark hadde det vi var ute etter. Dei hadde ein spolar med kraftigare trekkraft og trekkflate. Den nye spolaren er no montert og teken i bruk. Den dreg 5 garn i minuttet. Dette er ei god forbedring; den gamle spolaren i hotellet klarte 4 garn i minuttet.
Vi veit at det er viktig for mange av kundane våre å få bruket sitt opp i land i "eit visst foke". Dei har ofte vore sta i vekesvis, og det er fullt forståeleg at dei vil dra fort vidare! Vi er som vanleg veldig opptatt av å legge forholdet godt tilrette for gjestane i Garnhotellet, og gjere det vi kan for at opphaldet vert tilfredstillande ;)
Nedanfor kan ein sjå meir av korleis spolaren ser ut og fungerer. Bl.a kan ein sjå at Magni styrer "gromheita" med stødig hand. Denne dagen gjekk tida mest ifrå ho ;)