Garnhotell

Vi tek oss godt av garna dine!

Værlandet Fiskeredskap driv eit komplett og profesjonelt garnhotell, det einaste i sitt slag i Noreg. Dette tilbodet sparar garnfiskarane for mykje tid og arbeid.

Løysinga er svært lettvint:

Garna blir spola direkte frå båten gjennom eit røyr og inn i spesiallaga bingar. På veg inn i Garnhotellet får garna seg ein "vask". Det er rennande ferskvatn i røyret, noko som verkar inn positivt på levetida til garn og fellingar.  

Under opphaldet i Garnhotellet kan vi sjå over alle garna og gje dei ei total overhaling. Det vil sei at du kan gløyme det fram til neste sesong. Vi tek oss av kontroll og service slik at du er fri til å gjere andre ting. For meir info sjå Garnservice

Døgnopen inn- og utsjekk

Båtane kan komme å spole inn, eller hente bruket, til tider som passar best for dei. Det er òg mogleg med "sjølvbetjening" som vil sei at mannskap kan ordne inn- eller utspoling av bruket sitt sjølve :-) Ta gjerne kontakt med oss for avtale på:

Andre tenester frå Værlandet fiskeredskap

  • Bilde av flere fargede plastfisk og strandnet, med teksten "Premium Q Yarn" og logoen til Khon Kaen Fishing Net (KKF) i øvre høyre hjørne.

    Garn

    Bestill garn frå vår garnmonteringsfabrikk på Værlandet.

  • En arbeidstavle med tau, svennål og saks som brukes til seilfletting, med målmerker skrevet på treverket.

    Garnservice

    Vi utfører kontroll, utskifting og remontering av motteke garnbruk.

  • To personer setter opp eller vedlikeholder et stort rutete gjerde fylt med store røde baller i en innendørs fabrikk eller lagerlokale.

    Snurrevadhotell

    Vi vidarefører vårt årelange tilbod av Garnhotell og kan no tilby Snurrevadhotell.

  • Et oppbevaringsrom med klær og utstyr for kjeve- eller beredskapsarbeid, inkludert orange og blå refleksvester og jakker, samt en gul regnfrakk.

    Butikk

    Frå butikken vår leverer vi alt som båtar og mannskap treng av utstyr og yrkesklede