Værlandet Fiskeredskap bidreg til eit betre miljø

 Vi leverer alt av utrangert garnbuss, tauverk o.l til Nofir - Norsk Fiskeriretur AS.

Nofir er ei bedrift som tek imot og behandlar kassert redskap fra fiskeri- og oppdrettsbransjen. Tilbodet ved denne bedrifta er ei framifrå løysing på eit stort miljøproblem!

Vi er opptatt av å gjere vårt for å spare miljøet for denne typen avfall, som ofte vert kassert vilkårleg eller eventuelt brent. Ved å bruke Nofir får vi dette avfallet resirkulert. Det vil sei at dei av kundane våre som leverer garna sine til reinskjæring hos oss indirekte vert ein brukar av Nofir sitt resirkuleringssystem :)

På nettsida til Fiskeribladet Fiskaren kan du lese om Nofir i artikkelen: "Rekord i kasserte fiskeredskaper" (for abbonentar av nettutgåva).

Nofir har òg eiga nettside som er vel verdt eit besøk :)