Vi lanserer no eit nytt og endå betre Værlandsgarn®
Etter lang tids utvikling kan vi no introdusere eit nytt kvalitetsprodukt til lågare pris og høgare kvalitet.
Det vidareutvikla Værlandsgarnet har sterkare garnering enn tidlegare, og hempene vert festa på færre stadar på fellingane.
Den nye monteringsmetoden vert kalla Værlandsmontering. Dette er ein ny og effektiv metode: Arbeidskostnaden ved montering og reinskjæring av dette garnet er heile 40% lågare enn montering og reinskjæring av "Standardgarn"! Vi kan difor tilby svært gode prisar på det Nye Værlandsgarnet.
Garnet er allereie i dagleg bruk, og tilbakemeldingane er kun positive! :)
Lofoten jan 2014: det Nye Værlandsgarnet i bruk :)