Garn

Bestill garn frå vår garnmonteringsfabrikk på Værlandet.

I produksjonen vår av sei-, torsk-, lange-, flabb- og blåkveitegarn brukar vi dei anerkjende garnbussane med Q-tråd frå Khon Kaen, ein av dei største og mest etablerte garnprodusentane i verda. Selskapet er basert i Thailand og har eksportert fiskegarn til Asia, Europa, Amerika, Afrika og Skandinavia sidan 1977, med fleire fabrikkar og kontor internasjonalt.

Q-tråden gir glatt og klar overflate, som pakker godt om bord og gir betre handtering. Garnet har høg styrke, presis maskestørrelse og god slitestyrke – påliteleg for krevjande fiskeri. Dette er grunnen til at vi stolar på det i våre garnprodukt.

Garna våre vert levert med forsterka garnering ved topp og botn som standard.

Værlandsløkker

For dei som ynskjer ytterlegare forsterkning mot botn, kan vi tilby montering av garn med dei populære “Værlandsløkkene”.

Værlandsløkkene har disse fordelane:

  • Redusert problem med krabbe og stein i garnet

  • Betydeleg sterkare garnering ved bunn

  • Mindre skadespredning i garnet

  • Sikkert, effektivt, økonomisk og miljøvennlig

-Sjå også: Fritidsgarn med Værlandsløkker (OK Marine)

Bestillingar og leveringstid på garn

Vi har heile tida eit visst utval av garnbussar på lager. Men på grunn av leveringstid, kan det likevel vere lurt å vere ute i god tid når det gjeld bestillingar av garnbruk.

Dette gjeld t.d. ved større mengder garn og/eller ein har ynskjer om spesielle maskestr/djupne/fargar på garnbussane :)

Andre tenester frå Værlandet fiskeredskap

  • Garnservice

    Vi utfører kontroll, utskifting og remontering av motteke garnbruk.

  • Garnhotell

    Værlandet Fiskeredskap driv eit komplett og profesjonelt garnhotell, det einaste i sitt slag i Noreg.

  • Snurrevadhotell

    Vi vidarefører vårt årelange tilbod av Garnhotell og kan no tilby Snurrevadhotell.

  • Butikk

    Frå butikken vår leverer vi alt som båtar og mannskap treng av utstyr og yrkesklede