Vi er på KUNDETREFF på Lepsøy 29.-30.april
Værlandet Fiskeredskap AS, OK Marine AS og Egersund Danmark er godt i gong med 2-dagars kundetreff på Lepsøy denne veka.
Desse tre bedriftene har eit tett samarbeid og god kunnskap innan utvikling, produksjon og salg av garn, snurrevad og teiner – og eit sterkt fokus på kor viktig det er med ein god dialog med fiskarar for å levere best mogleg kvalitet på bruket.
Det er andre året på rad at vi på Værlandet Fiskeredskap er med og arrangerer dette kundetreffet. Tanken er at dette skal være ein årleg "happening" og anledning til gode erfaringsutvekslingar. Vi og dei to andre bedriftene stiller med folk som har god kunnskap innan produksjon av garn, snurrevad og teiner. Det vil også vere utstilt ei rekke ulike produkt, vareprøver samt diverse nyheiter.
Etter gode tilbakemeldingar i fjor er det i år sett av heile to dagar til kundetreff i OK Marine sine lokaler på Lepsøy:
Stad: “Sambabygget” i Røtingavegen 4, Lepsøy
Dato: 29.-30.april
Klokkeslett: 10.00 - 15.00
Om du tek turen innom vil du treffe og få ein hyggeleg prat med: Joakim Olsen og Erik Salvesen frå OK Marine, og Audun Oddekalv frå Værlandet Fiskeredskap.