Vi gratulerer!

Vi gratulerer Øystein Færestrand frå Måløy og Geir Inge Siglen frå Fitjar med tildelte rekrutteringskvotar (torsk nord) !!

Dette er 2 driftige ungdomar frå Vestlandet, som vi er so heldige å kjenne; dei er kundar hos Værlandet Fiskeredskap AS :) (Vi må òg nevne at han Geir Inge har kjøpt seg ny båt; ein 38 fot Malo. Ein skikkeleg "sabba damp" :)

Hadde ikkje vi vore i fiskerinæringa, so hadde vi aldri vist at det finnast so mange driftige ungdomar som satsar på fiskeri langs norskekysten! Vi har fått gleda av å få mange av desse som våre kundar, og kan truleg skryte på oss å ha bransjens lågaste snittalder på kundar: 34 år! Grunnen til dette er at vi har attraktive løysingar som passar dagens fiskebåtar.

Øystein og Geir Inge er 2 gode eksempel på unge, driftige fiskarar frå Vestlandet. Vestlandsfiskarane er ofte mobile og fleksible. I tillegg er mange av dei innovative, noko som Værlandet Fiskeredskap har drege nytte av frå oppstarten i 1996.

Ved å samarbeide med fiskarane, har vi komme opp med ein del nye løysingar, ofte etter innspel frå fiskarane. Eit av eksempla på dette er lagring av garn i silo (med døgnopen inn-/utsjekk) sortering av garn, reinskjæring av fellingar og påmontering.

Med andre ord: resultatet av dette samarbeidet er at vi kan tilby ei rekke tenester som er interessante for travle fiskarar :)