I januar køyrer vi navnekonkurranse på ei Hummerteine som vi har utvikla i lag med lokale fiskarar.
Før jul la vi ut ei nyheit der vi fortalde om teiner og ruser som vi har designa sjøl; vår eigen teine - og rusekolleksjon!
Kvar månad framover kjem vi til å presentere ei slik teine eller ruse. I den forbindelse kjem vi til å ha ein navnekonkurranse kvar gong, der vi håpar at folk kjem med gode innspel til navn på teina eller rusa. Vinnaren av konkurransen får då eit eksemplar av månadens teine/ruse :)
I januar er Månadens teine ei 12,5 kg`s Hummerteine med dei vitale måla:
92 cm lang x 42 cm høg x 46 cm brei
For å delta i konkurransen må du gå inn på Facebooksida vår. Der har vi lagt inn eit innlegg med bilde av teina, og du kan legge inn forslag til navn på teina i kommentarfeltet i det innlegget. Vi likar godt at folk LIKER og DELER sida vår ;))
Eit lite tips: Juryen har ei svakheit for lokale stadnavn ;)
Det vert jurymøte fredag 31.januar. Lykke til!