Værlandsgarn® - Værlandsmontering

Værlandsgarnet er montert med knutefrie garnhemper nede. Hempene er laga av eit grønt 3 mm tjukt fibersnøre som er flytande. Innfellinga av garnet vert tilpassa kvar kunde sitt behov og kan enkelt regulerast i produksjonen av garnet.

Værlandsgarnet er i dagleg bruk av kundar og vi opplever gode tilbakemeldingar.

Værlandsgarnet har desse fortrinna:

  • Redusert problem med krabbe og stein i garnet

  • Sterkare garnering

  • Mindre skadespreiing i garnet

  • Kundetilpassa innfellingsprosent og hempehøgd

  • Sikkert, effektivt, økonomisk og miljøvenleg

Ta gjerne kontakt med oss for pristilbod og anna informasjon!