Havfisketeine "Sørværet" Str M

havfiskemed.jpeg
havfiskemed.jpeg

Havfisketeine "Sørværet" Str M

895.00

Solid, plastbelagt fisketeine. Størrelse: Medium. NB! Vi er dessverre utsolgt! Kjem inn igjen på lager ca midten av oktober -17

Quantity:
Legg til handlekurv

Produktbeskrivelse

Havfisketeine, medium

Teina er samanleggbar og laga av plastbelagt rustfritt stål i botnen og øvrige rammer i aluminium. Vert levert montert med 4 stk garnringer og 1 stk agnpose. 

Mål: 87 cm høg x 97 cm x 62 cm.

Vekt: 8,2 kg

Meir om teina:

Teina er ekstra bendsla på alle rammene. Den har 2 etasjar, der det er 2 inngongar i nederste og kalv opp til øverste etasje. Det er som oftast i 2.etasje du finn fisken.

Det er påmontert hanefot til å feste opphalertauet i. Det kan vere lurt å feste eit lodd på ca 5 kg i hanefoten for at loddet skal dra i hanefoten og ikkje i teina når det er sterk straum i havet. Teina vil då fiske betre.

Teina tek liten plass når den ikkje står på botnen. Det trekkjer seg òg ihop når ein dreg den opp. Dette fører til at den vert lettare og dra pga mindre motstand.

Vi anbefalar at den står ute nokre dagar før ein trekkjer den. Den bør iallefall stå ute i 3-5 dagar, og det gjer ikkje noko om den står ute enda fleire dagar.

Sjå illustrasjon av teina på havbotn

Når det gjeld botnforhold kan den settast på: sand, leire, steinbotn og "i taren".

Denne teina fiskar det meste: torsk, hyse, brosme, lange, kreps, krabbe, hummar m.m. (Om den skal brukast til hummerfiske må det monterast fluktopningar, 2 stk i kvar etasje)

Som agn kan ein bruke: sild, makrell, sei o.a.

Desse teinene vert ofte sett på lenke med 5-10 teiner. Desse er fordelt utover lenka med avstand 20-40 favner mellom kvar teine. Skal ein på djupt vatn, rundt 100 favner, kan det leggast litt meir vekt i botnen.

Nyttig link, nye reglar for hummerfiske 2017: 

http://www.fiskeridir.no/Fritidsfiske/Nyheter/2017/Nye-regler-for-hummerfiske