Taredyrkingsanlegg

-anlegg for dyrking av tare

Værlandet Fiskeredskap har gjennom mange år hausta mykje god erfaring gjennom samarbeid med vestlandsfiskarar om utvikling av nye, innovative løysingar som forenklar arbeidet for fiskarane.

Med bakgrunn i dette, fekk vi ein førespurnad om vi kunne bidra til utvikling av nye, gode løysingar for dyrkingsanlegg for tare. 

Dette er anlegg som må vere tilpassa dei tøffe forholda langs den værharde kysten vår - ein kyst som har svært gode og naturgjevne forutsetningar for å fungere som oppvekts- og dyrkingsstad for makroalgar.

Gjennom eit tett samarbeid mellom tilsette ved Værlandet Fiskeredskap AS og dyrkingsfirmaet Seaweed AS, er det utvikla eit dyrkingsanlegg som er kalla "Buland". Anlegget kan settast ut båder der ein tenkjer IMTA (ilag med oppdrettsanlegg for fisk), eller det kan plasserast ved eigne lokalitetar. Anlegget er konstruert med sertifisert tauverk, bøyer, lys m.m.

Les meir om dyrkingsanlegget vårt HER

Sjå brosjyra vår frå juni 2015

Salg av dyrkingsanlegg

Seaweed AS har vinteren 2017 inngått eit salgssamarbeid med det nystarta selskapet Proaqua AS. På nettsida til Proaqua kan ein finne taredyrkingsanlegget Buland, ilag med andre spennande produkt som Proaqua sel. Sjå òg kontaktinfo der til seljar Thomas Leirgulen.

Plassering av dyrkingsanlegg

Værlandet Fiskeredskap kan bistå med lokalitetsplassering, utlegging m.m av anlegg - det vil sei at vi tilbyr ein totalpakke.

 

Referanse:

Seaweed AS v/dagleg leiar Daniel Fedøy mob.nr 47 66 80 66

 

English version