Makrelldorgutstyr

Vi kan levere alt det du treng av utstyr til makrelldorging

Ein del av utstyret kan du sjå HER 

Vi har eit godt utval på lager av:

  • "Værlandskrok", krok m/påmontert makk. Dette tilbodet vart introdusert sommaren 2009, og er allereie vorte ein stor suksess og eit "must" for mange dorgarar langs vestlandskysten. Vi lagerfører krok påmontert den verdensberømte "Værlandsmakken" :) Vi anbefalar å vere tidleg ute med bestilling av dette produktet!
  • Værlandsmakk i kveilar à 400 meter.
  • Svivlar i syrefast utgåve i aktuelle storleikar.
  • Sen/gøtt i det anerkjente merket "Superline".  Vi lagerfører 1,6 mm og 2,00 i 500 meters kveilar, men andre dimensjonar kan òg skaffast. - "Ikkje noke problem" :)
  • Blylodd i 4 og 6 kilo`s utgåver. Lodda er importerte, og har difor ein akseptabel pris.
  • Thunderline (òg kalla Spectra). Dette fletta dorgesnøret leverer vi i dimensjonen 1,4 mm med brotstyrke 160 kg. Vert levert i kveilar à 400 m.
  • Nyheit sommaren 2013! Fix ferdige dorger. Les meir om dette her 

    Ta gjerne kontakt med oss på telefon, eller epost for prisar/bestilling.

    Nedanfor kan ein sjå 2 kjekke filmar om makrelldorging som vi har funne på Youtube. Den eine er frå Norge og den andre frå Irland.

    Mackerel fishing Norway

    Fish Line Strippers for Mackeral