Godsekspedisjon

Værlandet Fiskeredskap er godsekspeditør for øyane Værlandet og Bulandet.

I september 2009 tok vi over som godsekspeditør av "Suleruta" sine anløp med gods til Værlandet/Bulandet. Fraktebåten M/S "Vestfrakt" legg til ved kaianlegget vårt i Værøyhavna på tirsdagar og laurdagar.

Denne godsruta vert no driven av Kyst 1 AS, som frakter varer over heile landet (Hurtigruta er bl.a. ein del av deira fraktsystem). Dette betyr at det er svært lettvint for oss både å sende og ta imot gods. Værlandet Fiskeredskap har òg, som godsekspeditør, gode fraktavtalar med Kyst 1.

Når vi sender varer frå oss, kan godset lastast om i Bergen og verte sendt vidare til kundane våre derifrå. Det er òg lettvint å sende gods til oss med Bergen som knutepunkt, eller ved å nytte andre anløp som "Suleruta" har.

Denne godsekspedisjonen i Værøyhavna kan sjølvsagt òg nyttast av lokalbefolkninga i Værlandet og Bulandet. Vi tek imot og sender gods for folk som ynskjer å nytte Kyst 1 sitt fraktsystem.

Når det gjeld fraktprisar, trur vi at dei kan konkurrere med andre fraktselskap sine prisar, og det er ein fraktpris "heile vegen". I tillegg kan det vere lettare å sende meir "uhamselege" varer på denne måten :)

 -Uansett; vel verdt å sjekke opp!

For meir info om fraktprisar m.m. ta kontakt med Kyst 1 i Bergen:

Telefon sentralbord: 55 30 79 50

Varer, t.d. til Bulandet, kan vidaresendast frå oss med godsbilen (Firda Billag) dersom ein ikkje har anledning til å hente dette sjølv. Då vert det eit lite tillegg i frakt. Vi kan hjelpe til med slik omlasting hos oss.