Garnhotell

Vi tek oss godt av garna dine!

Værlandet Fiskeredskap driv eit komplett og profesjonelt garnhotell, det einaste i sitt slag i Noreg. Dette tilbodet sparar garnfiskarane for mykje tid og arbeid.

Løysinga er svært lettvint:

Garna blir spola direkte frå båten gjennom eit røyr og inn i spesiallaga bingar. På veg inn i Garnhotellet får garna seg ein "vask". Det er rennande ferskvatn i røyret, noko som verkar inn positivt på levetida til garn og fellingar.  Klikk på bildet nedanfor for å sjå korleis garna vert spolt inn og ut frå Garnhotellet.

Under opphaldet i Garnhotellet kan vi sjå over alle garna og gje dei ei total overhaling. Det vil sei at du kan gløyme det fram til neste sesong. Vi tek oss av kontroll og service slik at du er fri til å gjere andre ting. For meir info sjå Garnservice

Døgnopen inn- og utsjekk

Båtane kan komme å spole inn, eller hente bruket, til tider som passar best for dei. Det er òg mogleg med "sjølvbetjening" som vil sei at mannskap kan ordne inn- eller utspoling av bruket sitt sjølve :-) Ta gjerne kontakt med oss for avtale på:

  • Tlf.  57731299 eller mobil 48132779 (vakttelefon)

Prisar pr januar 2015:

Silostørrelse / Antall garn / Pris eks. mva. pr mnd

  • 9 m3 / ca 150 / kr 475,-
  • 18 m3 / ca 300 / kr 550,-
  • 36 m3 / ca 600 / kr 725,-