Garn

Vi sel fiskegarn av beste kvalitet frå bl.a. Nichimen og Khon Kaen.

Montering av garn

Dette skjer i våre eigne produksjonslokale på Værlandet. Vi har nye maskiner, og god tilgang på kapasitet.

Bestillingar og leveringstid av garn

Hovuddelen av lageret vårt av garnbussar vert bestillt direkte frå Asia. No har vi fått melding frå fabrikkane om at produksjonen tek lenger tid enn tidlegare, og dette fører til at vi må pårekne ca 6 mnd frå vi bestiller og til vi har fått varene inn på lager.

Vi har heile tida eit visst utval av garnbussar på lager. Men på grunn av leveringstida nevnt ovanfor, kan det likevel vere lurt å vere ute i god tid når det gjeld bestillingar av garnbruk. Dette gjeld t.d. ved større mengder garn og/eller ein har ynskjer om spesielle maskestr/djupne/fargar på garnbussane :)

Kontakt oss for pristilbod.