Fjordgarn 74mm / 40md

fjordgarn.jpeg
fjordgarn.jpeg

Fjordgarn 74mm / 40md

750.00

Garnet er eit Værlandsgarn. 

Quantity:
Legg til handlekurv

Produktbeskrivelse

Fjordgarn 74mm/40md

Måla er: 74 mm /8,5 omf. 27,5 meter lengd/40 md. Sen nr 1,5 x 5. Flytelina er fletta line med oppdrift på 50 gr/meter  (NB! Desse garna må ikkje forvekslast med ein del utgåver solgt i andre butikkar, med ei oppdrift på kun 25 gr/meter). Synkelina er fletta blytau . Garnet er eit Værlandsgarn

Meir utfyllande info:

Fjordgarn kan brukast til bl.a fiske etter torsk, hyse og lyr. Fjordgarnet vårt er eit patentert Værlandsgarn, og er montert med maskestørrelsar som er berekna til bestemte fiskeslag. Vi leverer desse maskestr: 63, 70, 74 og 78 mm.

Fjordgarna er meir selektive enn trollgarna. På trollgarn kan ein få alle fiskeslag og størrelsar. Ved hjelp av vår patenterte Værlandsgarnløysing, med hemper(løkker) nede på garnet, vert det ein avstand frå sjøbotn. Dette medfører reduserte tang- og tareplager; garna vert ikkje so fort skada.

BRUK:

Fjordgarn kan settast grunt både vår og seinsommar (haust). Torsk og hyse kjem inn til kysten for å gyte om våren. Hysa likar seg på djupare vatn, dvs djupare enn 25 meter. Taretorsk får ein heile året på grunt vatn.