FOU

Værlandet Fiskeredskap har i mange år delteke i fleire utviklingsprosjekt innan fiskeri, og er alltid opne for innspel til nye løysingar.

Denne interessa for å utvikle nye løysingar, har dei siste åra ført oss inn i akvakulturnæringa.

Vi har god kontakt med taredyrkarar, og det miljøet, via samarbeidet vårt med Seaweed AS. Vi har etablert eit godt kontaktnett av leverandørar i inn- og utland.

Med dette som bakgrunn, ligg det godt tilrette for at vi kan vere med å utvikle gode løysingar som er attraktive innan framtidig akvanæring.