Ny kystnotbåt i Solund!

Vi gratulerer Lending Rederi i Solund med det staselege nybygget M/S Sulebas!

Båten er utrusta ved Solund Verft, og rederiet har nytta seg av mange lokale underleverandørar i HAFS.

Sulebas har dei vitale måla: 38,55 meter lang og 9,5 meter brei, og er rigga for not, garn og snurrevad.

Vi har hatt rederiet som kunde i 10 år. Dette har vore eit nyttig og interessant samarbeid og bekjentskap. Rederiet stiller store krav til bruket, og er ikkje redd for å teste ut nye løysingar og forbetringar. Dei har difor vore ein aktiv bidragsytar til utviklinga av det "Nye Værlandsgarnet"!

Audun hadde desverre ikkje anledning til å vere med på dåpen, men Roar Norheim frå Vestervon hadde med helsing og gåve frå oss. Vi håpar at han representerte oss på ein nokonlunde bra måte ;)

Vi ynskjer Lending Rederi lykke til med drifta av M/S Sulebas!

Les om dåpen i Kystmagasinet

 M/S Sulebas. Bildet er henta frå  Fiskeribladet Fiskaren

M/S Sulebas. Bildet er henta frå Fiskeribladet Fiskaren