Hurtig inn- og utsjekk av garn

Sist haust fekk han Audun ein telefon med førespurnad om ei ny form for garnleveranse. Det var han Even på "Hauge Junior" som var på tråden i frå Nordsjøen, og han utfordra oss på ein ny type oppdrag.

Spørsmålet var om vi kunne sjå over ei viss mengde av garna deira i ein periode om hausten der dei driv fiskeri i Nordsjøen.

Tanken var at "Hauge Junior" kunne komme innom oss ein gong for veka og levere inn ein del garn for sortering, og so skulle vi montere i att nytt på dei garna som var dårlege. Desse garna skulle då hentast neste gong dei kom for å levere garn for ettersyn og service.

Firmaet vårt har mottoet: "Ikkje noke problem", so Audun kunne fortelje Even at dette ordnar vi:)

I løpet av hausten hadde vi besøk av "Hauge Junior" fleire gonger, og vi ser at denne ordninga fungerer veldig bra:)

På grunn av at dei leverer fangsten til fiskemottaket på Herland, som ligg på naboøya vår Atløy, fører dette nye servicetilbodet vårt til ei svært effektiv garndrift.

Vi trur kanskje ikkje at det finnast maken til dette andre stadar på kysten :)

Vi takkar for tilliten, og håpar på eit framtidig godt og inspirerande samarbeid!

Sjå film som viser korleis vi spolar garn inn og ut av Garnhotellet vårt.