produktinfo værlandsgarn®
Kvifor Værlandsgarn?
♦ Kan benyttast på alle typar flyte- og søkketau, fletta eller treslått.
♦ Kan brukast på alle dimensjonar av flyte- og blyfellingar.
♦ Dimensjonen og brotstyrken på hempesnøret kan tilpassast kvar enkelt kundes behov.
♦ Fleksibel utforming også når det gjeld om det skal vere hemper både ved topp og botn av garnet, eller eventuellt berre ved botn.
♦ Avstand ifrå sjøbotn kan tilpassast kvar enkelt kundes behov og ynskjer.
♦ Værlandsgarnet har ei sikker utforming. Under bruk kan ingenting kome utav posisjon. Løysinga hindrar effektivt hempene ifrå å skli langsetter fellingane.
♦ Ved Værlandsgarn unngår ein skadespreiing. Oppstår det eit brot på snøret, eller ei hempe ryk, begrensast skaden effektivt innan ei lengde på 30 - 40 cm.
♦ Eit miljøvenleg alternativ.
♦ Fartya kan fiske med meir "heile garn" utover i sesongen, noko som medfører eit meir effektivt fiskeri.
♦ Mindre problem med krabbar og stein i garnet.
♦ Løysinga er tilpassa standard monterings- og reinskjæringsmaskiner. Ein får effektivt fjerna alle garnrestar maskinellt. Minimalt etterarbeid/reinsking.
♦ NYHEIT! Knutefrie Værlandsgarn
♦ Referanser