Værlandet fiskeredskap
Logg inn
 Du er her:>   Startside » Makrelldorgerutstyr

makrelldorgerutstyr

 

Værlandet Fiskeredskap AS har som ein av sine grunntankar å gjere kvardagen lettare for våre kundar.

I ein travel kvardag veit vi at spart tid er viktig for mange fiskarar. Ei moderne redskapsbedrift må difor alltid prøve å tilby løysingar som ein ser at det er ynskje og behov for.

 

Difor er vi godt nøgd med at vi no kan levere bl.a:

 

  • ► Krok  m/påmontert makk. Dette tilbodet vart introdusert sommaren 2009, og er allereie vorte ein stor suksess og eit "must" for mange dorgarar langs vestlandskysten. Vi lagerfører krok påmontert den verdensberømte " Værlandsmakken "  

 

  • ► Svivlar  i syrefast utgåve i aktuelle storleikar. 

 

  • ► Sen/gøtt  i det anerkjente merket "Superline". Vi lagerfører mest av 1,6 mm og i 500 meters kveilar, men andre dimensjonar kan òg skaffast.  - "Ikkje noke problem"  :)

 

  • ► Blylodd  i 4 og 6 kilo`s utgåver. Lodda er importerte, og har difor ein akseptabel pris.

 

  • Sist, men ikkje minst, er vi òg leverandør av "Thunderline",  denne fletta lina som er vorte so populær. "Thunderline" vert lagerført i 1,1 mm dimensjon med ei brotstyrke på 130 kg. Lina vert levert på spoler à 500 meter.

 

Ta kontakt med oss for prisar/bestilling.

 

Nedanfor kan ein sjå 2 kjekke filmar om makrelldorging som vi har funne på Youtube. Den eine er frå Norge og den andre frå Irland.

 

 

Mackerel fishing Norway

 

 

Fish Line Strippers for Mackeral 

 

 

 

 

 

 


Service partner for garnflåten