Værlandet fiskeredskap
Logg inn
 Du er her:>   Startside » Leppefiskteiner NY

leppefiskteiner

 

Værlandet Fiskeredskap introduserer 2 nye typar leppefiskteiner

 

Desse teinene er forbetra utgåver av det som er på markedet, og er utvikla i nært samarbeid med erfarne fiskarar.

 

Teinene kjem inn på lager april 2011

 

Nedanfor kan du lese meir om dei 2 teine-typane:

 

 

 

Rund leppefiskteine

 

       

 

Teina har ei høgde på 81 cm og ein diameter på 32 cm. Vekta er ca 2,2 kg. Den er laga av galvanisert stål som er plastbelagt (pvc). Denne produsenten nyttar tjukkare plastbelegg enn andre.

 

Det er 2 stk ovale inngongar i teina som har str 80 x 40 mm. Til kvar teine føl det òg med 2 stk ekstra ovale inngongar på 50 x 30 mm som er berekna til mindre fisk. Desse ekstra inngongane skal festast til dei eksisterande på ein enkel måte (sjå bileta under).

 

For å unngå skade på fisk, som fører til at fisken døyr i løpet av kort tid, er det lagt inn eit tau i kilen mellom yttervegg og andre inngong. Dette hindrar at småfisk set seg fast og vert skada. I tillegg er alle skarpe kantar i teina fjerna. 

 

 

       

 

 

 

 

Rektangulær leppefiskteine

 

     

 

 

 

Denne teina har desse måla: 70 cm lang, 40 cm brei og 27 cm djup.

Vekt er ca 3,5 kg.

Stålramma er galvanisert og plastbelagt, og tjukkelse på ramma inkl. plast er ca 7,8 mm. I tillegg er ramma òg kledd med PE-tau. Nota i teina er knutelaus.

 

 

 

 

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon/bestilling :)

 


Service partner for garnflåten