Værlandet fiskeredskap Logg inn   
  Du er her:>   Startside » Godsekspedisjon

Godsekspedisjon

 

Værlandet Fiskeredskap er godsekspeditør for øyane Værlandet og Bulandet.

 

I september 2009 tok vi over som godsekspeditør av "Suleruta" sine anløp med gods til Værlandet/Bulandet. Fraktebåten M/S "Vestfrakt" legg til ved kaianlegget vårt i Værøyhavna på tirsdagar.

 

Denne godsruta vert no driven av Nor Lines AS, som frakter varer over heile landet (Hurtigruta er bl.a. ein del av deira fraktsystem). Dette betyr at det er svært lettvint for oss både å sende og ta imot gods. Værlandet Fiskeredskap har òg, som godsekspeditør, gode fraktavtalar med Nor Lines AS.

 

Når vi sender varer frå oss, kan godset lastast om i Bergen og verte sendt vidare til kundane våre derifrå. Det er òg lettvint å sende gods til oss med Bergen som knutepunkt, eller ved å nytte andre anløp som "Suleruta" har.

 

Denne nye godsekspedisjonen i Værøyhavna kan sjølvsagt òg nyttast av lokalbefolkninga i Værlandet og Bulandet. Vi tek imot og sender gods for folk som ynskjer å nytte Nor Lines sitt fraktsystem. Når det gjeld fraktprisar, trur vi at dei kan konkurrere med andre fraktselskap sine prisar, og det er ein fraktpris "heile vegen". I tillegg kan det vere lettare å sende meir "uhamselege" varer på denne måten :)

Uansett; vel verdt å sjekke opp!

 

For meir info om fraktprisar m.m. ta kontakt med Nor Lines AS i Bergen:

 

                           Telefon sentralbord:   55 55 09 60

 

Nor Lines har òg ei heimeside som kan vere grei å sjå på.

 

NB!  Gods som skal sendast herifrå kan leverast inn heile veka, og so går det med fraktebåten fyrste tirsdagen etter.

       Varer, t.d. til Bulandet, kan vidaresendast frå oss med godsbilen (Firda Billag) allereie dagen etter, dersom ein ikkje har anledning til å hente dette sjølv. Då vert det eit lite tillegg i frakt. Vi kan hjelpe til med slik omlasting hos oss.

 

Sjå elles i Aktuelt-arkivet vårt frå september 2009 om nyheita Værlandet Fiskeredskap - Ny godsekspeditør i Værøyhavna.

 


Service partner for garnflåten