|
Tirsdag 9.februar reiser Magni og Elin til Fjalerhallen i Dale for å vise fram bedrifta vår på HAFS si karrieremesse 2010.
Vi skal ha utstilling/stand ilag med 2 andre kjekke damer ifrå øyane; Irene Thistel Tysse frå Bulandet Fiskeindustri, og Heidi Kjempenes, som skal presentere kystnotbåtane frå Bulandet. Dette trur vi vert ein triveleg dag :-)
Dette er ei messe som HAFS-kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund arrangerer for å vise kva spennande moglegheiter det er i regionen når det gjeld arbeid, og kva utdanningsvegar som er nødvendige.
Værlandet Fiskeredskap har meldt oss på til denne messa fordi vi gjerne vil fortelje om bedrifta vår. Målet vårt er òg å vise at det er fullt mogleg å starte opp si eiga bedrift, og då gjerne i "utkanten" :-) Det å kunne skape sin eigen arbeidsplass, å vere grùnderar, vert eit av fleire tema på denne messa.
Målgruppa er elevar frå 8.-10. kl i HAFS-regionen og Gaular, i tillegg til elevar ved Dale vgs. Det er venta at ca 600 elevar kjem til å delta (bl.a 8.-10. kl frå Bulandet skule) og messa er òg open for foreldre eller andre som er interesserte.
Sjå elles her for meir informasjon om karrieremessa.
Med det same vi er inne på det med messer, må vi òg fortelje at vi har meldt oss på Fiskerimessa i Trondheim 17.-20.august!
Værlandet Fiskeredskap skal vere med på ein fellesstand som Sogn og Fjordane Fylkeskommune har. Standen skal heite "Fiskerifylket Sogn og Fjordane".
Vi har stor tru på at dette vert eit godt opplegg, og vi ser fram til å presentere bedrifta vår, og produkta våre, på denne viktige messa!
Under kan ein sjå ei teikning som viser ei oversikt over korleis standen kjem til å sjå ut:

Værlandet Fiskeredskap skal vere inne i ein av desse "båsane". Vi syns at dette ser veldig bra ut :-)
Det er firmaet "A til Å Grafisk Design og Media", som har adresse i Florø, som har ansvaret for denne felles standen frå Sogn og Fjordane.
04.02.2010
<< Fleire...
|