Værlandet fiskeredskap
Logg inn
 Du er her:>   Startside » Aktuelt
Vi introduserer "knutefrie" Værlandsgarn!

 

 

 

Knutar o.l. på garna kan vere ei "pest og plage" for garnfiskarar.

Vi har no vidareutvikla Værlandsgarnet slik at hempene/stolpane nede på blyfellinga vil framstå som knutefrie.

 

Den første utgåva av Værlandsgarnet hadde hemper som var laga manuellt med knutar. No er denne prosessen automatisert, og hempene vert no eva ihop av ei symaskin.

Det vil sei at hempesnøret vert utan knutar, og vi har klart å få vekk eit av "hefta" som kan oppstå under garndrift. Sjå bildet under: (klikkar du på bildet vert det større)

 

 

Værlandsgarnet har denne vinteren fått innpass på stadigt nye båtar. Vi er stolte av å kunne opplyse om at Værlandsgarnløysinga no står for 85 % av våre garnleveransar!

 

I løpet av året håpar vi å få på plass eit forhandlarnett i dei delane av landet som vi sjølv ikkje rekk over. Vi går altso svært spennande tider i møte :) 



23. februar 2011



<< Fleire...


Service partner for garnflåten